«Nattverden tilbake til folket?» Et seminar om endringar i den norske nattverdpraksisen.
«Nattverden tilbake til folket?» Et seminar om endringar i den norske nattverdpraksisen.

«Nattverden tilbake til folket?» Et seminar om endringar i den norske nattverdpraksisen.

Tidspunkt
25.11.2019 09:30 - 16:00

Påmeldingsfrist
20.11.2019 13:20

Påmeldingen er stengt

Arrangør
KIFO, Institutt for kirke-, religions- og livssynsforskning

Sted

Sentralen, Forstanderskapssalen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo, Norge

 «Nattverden tilbake til folket?» Et seminar om endringar i den norske nattverdpraksisen.

Fleire teikn tyder på den norske nattverdspraksisen er under endring. Forma på nattverden endrar seg frå knelenattverd rundt ein altarring, til intinksjon (eller «duppenattverd») på stasjonar i kyrkjerommet. Bruken har endra seg frå å vere eit sakrament som berre blei sjeldan brukt, til å bli eit fast ledd i hovudgudstenestene. Og nattverdsgjestene har forandra seg frå å vere berre dei «vedkjennande» kristne, til å bli ei meir samansett gruppe der også dei som tviler og ikkje veit heilt kva slags kristne dei er, deltek. På dette seminaret vil vi sjå nærare på kva desse endringane representerer. Vi vil setje dei inn i ein historisk samanheng ved å sjå dei i høve til tidlegare store endringar i den norske nattverdstradisjonen. Vi vil drøfte mogelege forklaringar på dei endringane vi no ser og drøfte konsekvensar av endra nattverdpraksis. Er nattverden på veg tilbake til folket, å bli eit folkekyrkjeleg ritual på linje med dåp og konfirmasjon? Korleis vil desse endringane prege norsk gudstenesteliv og utfordre kyrkjesamfunna sin nattverdsteologi? Bakgrunnen for seminaret er at KIFO (Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking) i 2019 har samla inn ny empirisk kunnskap om korleis nattverd blir praktisert, kor mange og kven som går til nattverd, og om korleis barn sin tilgang til nattverd har påverka nattverdstradisjonen . Seminaret blir arrangert av KIFO i samarbeid med Bispemøtet i Den norske kyrkja.  

Programmet for arrangementet kommer her

Pris:300 kr

Studenter: 150 kr