Monsterløpet 2019
Monsterløpet 2019

Monsterløpet 2019

Tidspunkt
08.09.2019 11:00 - 15:00

Påmeldingsfrist
08.09.2019 09:00

Påmeldingen er stengt

Arrangør
Triatlongruppa i Samnanger IL

Sted

Ytra Tysse, Norge

Monsterløpet feirar 10 års jubileum med ein heidundrande konkurranse. Ny og raskare trase for sykkel og springeetappane! Konkurranse for alle frå 13 år og oppover! Hoppeslott for born, minimonsterløp +++

Monsterløpet er ein konkurranse som er vakse fram av lokalt engasjement frå unge samningar. Formålet med løpet er å fremje idrettsglede, konkurranselyst og ikkje minst å rette fokus mot ei gruppe born som ikkje har same høve til fri aktivitet som det me har. Det siste mellom anna gjennom at alt overskot frå arrangementet går til organisasjonen Thembalethu Care Organization, som driv eit fantastisk arbeid blant HIV/AIDS råka born og familiar i Sør-Afrika. Til sist ønskjer me gjennom Monsterløpet å spreie engasjement i lokalsamfunnet på Tysse, og å promotere denne vakre og historiske delen av bygda vår.

Monsterløpet 2019 er femte offisielle arrangement av denne 4-athlon tevlinga. Men konkurransen har i mange år vore arrangert blant lokale hardbarka Samningar som ei uoffisiell tevling på jakt etter Samningamonstrane. I år er det 10. år på rad Monsterløpet vert arrangert!

I Monsterløpet vert ein prøvd i symjedugleik, styrke, sykling og springing. Tevlinga vart grunnlagd spontant av dugandes samningar tilbake i 2010. Då hoppa 6 menn uti midtfjords i Samnangerfjorden og la på svøm ca 1,2 km til næraste fastlandsstripe. Vidare var det terrengløp, sykling og motbakkeløp før målgang. Sjå elles avisutklipp med meir på heimesida vår www.monsterlopet.no for meir nostalgisk mimring.

Seinare er løypa blitt endra og forbetra for kvart år både for å gjere den meir publikumsvennleg, og for å finne dei beste øvingane og lengder på dei ulike etappane. Traseên for 2019 vil vere ny i høve til dei siste 3 åra. Grunna stadig dårligare asfalt i den heftige utforkøyringa ned Frølandsdalen vil sykkeletappen idag gå t/r Bjørkheim 2 gonger, og løpeetappen vil gå opp langsmed Tysseelva mot Frøland. Med andre ord vil det bil tettare, jamnare men framleis beinhard konkurranse i Monsterløpet 2019!