NUKs 18+ helg på Voss
NUKs 18+ helg på Voss

NUKs 18+ helg på Voss

Tidspunkt
01.02 16:00 - 03.02.2019 16:00

Påmeldingsfrist
25.01.2019 23:00

Arrangør
Norges Unge Katolikker

Sted

Voss, Norge

Bli med NUK på hyttetur for unge vaksne 1.-3. februar 2019

Hjarteleg velkomne til St.Olavs senter, som ligg i vakre Voss! Senteret er ein del av St. Paul menighet, rundt 1,5 times køyretur frå Bergen og er eit perfekt sted for eit avbrekk i den hektiske kvardagen. Huset rommar eit fint kapell og stort areal som kan brukast til seminar, rettrett og andre sosiale arrangement. Det er mange soveplassar, fleire bad og ei stor stue. Stua fungerer som ein sosial samlingsstad både til måltid og spelkveldar. 

Omgitt av flott natur, gode turmoglegheitar og med kapell rett i huset vil du kunne nyte tida både til avslapping, sosialt samvær, bønn og meditasjon. Høyrast dette bra ut? Kom til Voss på NUKs 18+ helg 1.-3. februar 2019!

Pris: 600 kr for NUK-medlemmar

Oppmøte på fredag kl. 15.45 på togstasjonen i Bergen, vi kjem til Voss kl. 17.30. Ein kan også ta tog til Voss på eiga hand frå f.eks. Oslo. På søndag tek vi tog frå Voss til Bergen kl. 16.30. 

Du kan søke om reiserefusjon på billetten til Bergen, eller Voss, om du tek toget frå f.eks. Oslo.