FULLT, VENTELISTE TILGJENGELIG:  4.-6. klasse Dyreleir på Raknestunet 2018
FULLT, VENTELISTE TILGJENGELIG:  4.-6. klasse Dyreleir på Raknestunet 2018

FULLT, VENTELISTE TILGJENGELIG: 4.-6. klasse Dyreleir på Raknestunet 2018

Tidspunkt
06.08 18:00 - 09.08.2018 11:00

Påmeldingsfrist
05.08.2018 23:00

Arrangør
Nordhordland Indremisjon

Sted

Fv367, Osterøy, Norge

Velkommen på 4.-6. klasse Dyreleir 6.-9, august.

På denne leiren har det flytta inn nokre dyr som også vil vera med på leir. Kanskje kjem det sauer, hest, kyllingar eller heilt andre dyr til Raknestunet. I tillegg vert det masse kjekke aktivitetar, leik, mat, bibelsamlingar der vi lærer om Jesus, spørløp, kanopadling og bading, tre overnattingar og masse nye venner å vere ilag med.

På kvar leir er det mellom 10 - 12 stk. ledere med å arrangerer leirane og to til tre kjøkkenhjelp som hjelper til på kjøkkenet. Som hovedregel er to av dei som er med som ledarar ansatt i Nordhordland Indremisjon. Om sommaren er også to av ledarane ansatt som sommerarbeidere på Raknestunet og er med som ledere på alle sommarleirane.