Tidspunkt
26.10 - 27.10.2017
Påmeldingsfrist
26.10.2017 00:00
Arrangør
Den Norske Kirke
Sted
Bjørgvin bispedøme og Bergen kirkeautunnale inviterar til fagdagar for kyrkjemusikarar
Me ynskjer å gje både kunnskap, inspirasjon og utfordring til det kyrkjemusikalske arbeidet i sokna.
Dag 1 – torsdag 26.10 er øyremerka plan for kyrkjemusikk og kyrkjemusikk i trusopplæringa. To flotte konsertar under Bergen kirkeautunnale er inkludert i konferanseprisen. Stad: Litteraturhuset.
Dag 2 – fredag 27.10 Under overskrifta Re:form – In:spir, presenterar me nye kyrkjemusikalske initiativ i Luther-året og foredrag om Luther og salmesongen. Prosjektet «Pilegrim i Orgelsko» (eit nytt, nasjonalt prosjekt for orgelspelande born mellom seks og nitten år) inviterer oss inn i arbeidet sitt og seinare deltek dei og vi alle i ein felles Salmekveld. Stad: Korskirken og Domkirken.
Inspirer gjerne ein kollega, kyrkjeverja eller eit soknerådsmedlem til å melde seg på fagdagane! Velkomen til fagdagar i Reformasjonsbyen Bergen 26. – 27.10.
Gode helsingar frå Bjørgvin kyrkjemusikkutval
Kjetil Almenning – Henny Koppen – Tonje Askeland – Ivar Mæland