FULLT, men venteliste tilgjengelig: Minileir på Raknestunet 2017

Velkommen på Minileir 17 - 18 juni, for dei som skal starte i 1. og 2. klasse.

På denne leiren reiser kvart barn saman med ein vaksen. Den vaksne er også med som deltakar og må melde seg på til leir saman med barnet/barna. Det er mulig at ein vaksen kan ha med seg fleire barn, så lenge barnet er godt kjend med- og trygg på den vaksne.

Leiren inneheld aktivitetar, leik, mat, bibelsamlingar der vi lærer om Jesus, spørløp, ein overnatting og masse nye venner å vere ilag med.

 

Særskilt informasjon om påmelding til Minileir:

Ved påmelding av både vaksne og barn nyttar ein familiepåmelding. Ein treng ikkje vere i familie for å reise saman med barn på minileir, men ein nyttar likevel dette påmeldingsvalet fordi vaksne og barn melder seg på samtidig.

Følg instruksane du får undervegs i påmeldinga, slik at deltakarinformasjon vert rett; navn, kjønn, alder og kontaktinformasjon. Då vert også sluttsummen som du skal betale for leir rett.

Ønker de å sove på rom med andre som melder seg på leir kan du skrive dette under eige val som heiter Romønske.

 

Det er også mulig å bare melde på eit barn eller ein vaksne (eks. barn som skal reise saman med andre vaksen og barn). Ein vel då Enkeltpåmelding når ein startar påmeldinga. Skriv navnet på den vaksne som allereie er påmeldt og som barnet vil reisa saman med under Romønske

 

Påmeldingen er stengt
Nordhordland Indremisjon
Sted:
Fv367, Osterøy, Norway
Start 17.06.2017
Slutt 18.06.2017
Påmeldingen avsluttes 16.06.2017 14:00
Klikk på "Google" for å åpne i stort vindu.
Laster innhold